Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 12:24-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. av Juda-sønene som bar skjold og spyd, 6 800 mann, væpna til strid;

25. av Simeons-sønene 7 100 djerve stridsmenn;

26. av Levi-sønene 4 600;

27. og attåt dei Jojada, føraren for Arons-ætta, med 3 700 mann,

28. og like eins Sadok, ein ung og djerv stridsmann, med den ætta han høyrde til, 22 hovdingar;

29. av Benjamins-sønene, ættefrendane til Saul, 3 000 mann; til då hadde storparten av dei halde seg til Sauls hus;

30. av Efraims-sønene 20 800 djerve krigarar, namngjetne menn i ættgreinene sine;

31. av den eine halvparten av Manasse-ætta 18 000 mann som var oppnemnde til å fara av stad og gjera David til konge;

32. av Jissakars-sønene, som skjøna seg på tidene, så dei visste kva Israel skulle gjera, 200 hovdingar og alle ættefrendane som lydde dei;

33. av Sebulons-ætta 50 000 stridsføre menn, budde med alle slag våpen, ei fylking fast rådd på å hjelpa;

34. av Naftali-ætta 1 000 hovdingar og med dei 37 000 mann som bar skjold og spyd;

35. av Dans-sønene 28 600 stridsbudde menn;

36. av Asjers-ætta 40 000 stridsføre og hærbudde menn;

37. og frå hi sida av Jordan, av Rubens-sønene og Gads-sønene og den andre halvparten av Manasse-ætta 120 000 fullvæpna stridsmenn.

38. Alle desse krigarane kom i ordna fylking og med fast vilje til Hebron og ville gjera David til konge over heile Israel. Og alle dei andre israelittane var òg samde om å gjera David til konge.

39. Dei var der hjå David i tre dagar. Og dei åt og drakk; for landsmennene deira hadde stelt til gjestebod for dei.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 12