Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 12:21-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Dei hjelpte David mot ransmennene; for dei var djerve stridsmenn alle saman, og dei vart hovdingar i hæren.

22. Dag etter dag kom det folk til David og ville hjelpa han. Til sist vart det ein stor, ja veldig hær.

23. Dette er talet på dei våpenføre mennene som kom til David i Hebron og ville føra kongedømet over frå Saul til han, så som Herren hadde sagt:

24. av Juda-sønene som bar skjold og spyd, 6 800 mann, væpna til strid;

25. av Simeons-sønene 7 100 djerve stridsmenn;

26. av Levi-sønene 4 600;

27. og attåt dei Jojada, føraren for Arons-ætta, med 3 700 mann,

28. og like eins Sadok, ein ung og djerv stridsmann, med den ætta han høyrde til, 22 hovdingar;

29. av Benjamins-sønene, ættefrendane til Saul, 3 000 mann; til då hadde storparten av dei halde seg til Sauls hus;

30. av Efraims-sønene 20 800 djerve krigarar, namngjetne menn i ættgreinene sine;

31. av den eine halvparten av Manasse-ætta 18 000 mann som var oppnemnde til å fara av stad og gjera David til konge;

32. av Jissakars-sønene, som skjøna seg på tidene, så dei visste kva Israel skulle gjera, 200 hovdingar og alle ættefrendane som lydde dei;

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 12