Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 12:19-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Av Manasse-mennene var det òg nokre som gjekk over til David. Det var den gongen han saman med filistarane drog ut og skulle strida mot Saul. Likevel kom han ikkje til å hjelpa dei. For fyrstane deira vart samde om å senda han bort. «Det vil kosta oss livet,» sa dei, «om han går over til Saul, herren sin.»

20. Då han så fór til Siklag, gjekk nokre av Manasse-mennene over til han. Det var Adna, Josabad, Jediael, Mikael, Josabad, Elihu og Silletai. Dei var hovdingar for dei hærflokkane som høyrde Manasse til.

21. Dei hjelpte David mot ransmennene; for dei var djerve stridsmenn alle saman, og dei vart hovdingar i hæren.

22. Dag etter dag kom det folk til David og ville hjelpa han. Til sist vart det ein stor, ja veldig hær.

23. Dette er talet på dei våpenføre mennene som kom til David i Hebron og ville føra kongedømet over frå Saul til han, så som Herren hadde sagt:

24. av Juda-sønene som bar skjold og spyd, 6 800 mann, væpna til strid;

25. av Simeons-sønene 7 100 djerve stridsmenn;

26. av Levi-sønene 4 600;

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 12