Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 12:17-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. David gjekk ut til dei, tok til ords og sa: «Kjem de til meg i fredeleg ærend og vil hjelpa meg, då er eg viljug til å gå saman med dykk. Men kjem de og vil svika meg og gje meg over til fiendane mine, endå eg ingen urett har gjort, så gjev våre fedrars Gud må sjå det og straffa dykk!»

18. Då kom Anden over Amasai, hovdingen for dei tretti, og han sa:Dine er vi,og med deg held vi lag, ¬du Isaison.Gjev det må gå deg vel,og gjev det må gå ¬dine hjelpesmenn vel!For du får hjelp frå din Gud.Så tok David imot dei og sette dei til hovdingar i flokken sin.

19. Av Manasse-mennene var det òg nokre som gjekk over til David. Det var den gongen han saman med filistarane drog ut og skulle strida mot Saul. Likevel kom han ikkje til å hjelpa dei. For fyrstane deira vart samde om å senda han bort. «Det vil kosta oss livet,» sa dei, «om han går over til Saul, herren sin.»

20. Då han så fór til Siklag, gjekk nokre av Manasse-mennene over til han. Det var Adna, Josabad, Jediael, Mikael, Josabad, Elihu og Silletai. Dei var hovdingar for dei hærflokkane som høyrde Manasse til.

21. Dei hjelpte David mot ransmennene; for dei var djerve stridsmenn alle saman, og dei vart hovdingar i hæren.

22. Dag etter dag kom det folk til David og ville hjelpa han. Til sist vart det ein stor, ja veldig hær.

23. Dette er talet på dei våpenføre mennene som kom til David i Hebron og ville føra kongedømet over frå Saul til han, så som Herren hadde sagt:

24. av Juda-sønene som bar skjold og spyd, 6 800 mann, væpna til strid;

25. av Simeons-sønene 7 100 djerve stridsmenn;

26. av Levi-sønene 4 600;

27. og attåt dei Jojada, føraren for Arons-ætta, med 3 700 mann,

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 12