Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 12:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er dei som kom til David i Siklag, medan han endå laut halda seg unna Saul, son til Kisj. Dei høyrde til dei kjempene som hjelpte han i striden.

2. Dei var væpna med boge, og både med høgre og venstre handa kunne dei kasta stein med slyngje og skyta piler av bogen. Dei var frendane til Saul, av Benjamins-ætta.

3. Det var Akieser, hovdingen deira, Joasj, son til Sjema’a, frå Gibea, Jesiel og Pelet, sønene til Asmavet, Berekja og Jehu frå Anatot;

4. Jisjmaja frå Gibeon, ein av dei tretti krigarane og hovding over dei tretti; Jeremia, Jahasiel, Johanan og Josabad frå Gedera;

5. Elusai, Jerimot, Bealja, Sjemarja og Sjefatja frå Haruf;

6. Elkana, Jisjia, Asarel, Joeser og Jasjobam av Korah-ætta;

7. Joela og Sebadja, sønene til Jeroham, frå Gedor.

8. Av Gads-sønene gjekk nokre over til David då han var i fjellborga i øydemarka, djerve krigarar, stridsvane kjemper, væpna med skjold og spyd. Dei såg ut som løver og var raske som gasellar på fjella.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 12