Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 11:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Heile Israel kom saman hjå David i Hebron og sa: «Du veit vi er same folket, vi og du.

2. Alt for lenge sidan, då Saul var konge, var det du som førte Israel både ut i striden og heim att. Herren din Gud har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.»

3. Så kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron. David gjorde ei pakt med dei der for Herrens åsyn. Og dei salva han til konge over Israel, som Herren hadde sagt gjennom Samuel.

4. No drog David og heile Israel til Jerusalem – det er det same som Jebus. Der budde jebusittane.

5. Då sa folket i Jebus til David: «Her kjem du aldri inn!» Men David tok Sion-borga, som no er Davids-byen.

6. Den gongen sa David: «Den som fyrst feller ein jebusitt, skal vera hovding og førar.» Joab, son til Seruja, kom fyrst opp, og han vart hovding.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 11