Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 10:6-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Såleis døydde Saul og dei tre sønene hans, og heile hans hus døydde ut med han.

7. Då alle israelittane som budde nede på sletta, såg at Israels-mennene hadde rømt, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og rømde. Og filistarane kom og slo seg ned der.

8. Dagen etter kom filistarane og ville rana dei falne. Då fann dei Saul og dei tre sønene hans liggjande på Gilboa-fjellet.

9. Dei rana Saul, hogg hovudet av han og tok våpna hans. Så sende dei bodberarar ikring i Filistarlandet; dei skulle ropa ut sigersbodskapen for avgudane deira og for folket.

10. Våpna hans la dei ned i gudshuset sitt, og hovudskallen hengde dei opp i Dagons tempel.

11. Då folket i Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistarane hadde gjort med Saul,

12. drog alle våpenføre menn av stad. Dei tok lika av Saul og sønene hans og førte dei til Jabesj. Så gravla dei beina deira under eika i Jabesj og heldt faste i sju dagar.

13. Såleis døydde Saul fordi han hadde svike Herren og ikkje halde seg etter Herrens ord, og fordi han hadde spurt daudingånder til råds

14. og ikkje søkt råd hjå Herren. Difor lét Herren han døy, og kongedømet gjekk over til David Isaison.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 10