Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 8:35-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

35. Når himmelen er stengd, så det ikkje kjem regn, fordi dei har synda mot deg, men dei så vender seg mot denne staden og bed til deg, vedkjennest namnet ditt og vender om frå synda si, fordi du har audmykt dei,

36. då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, det landet du har gjeve folket ditt til odel og eige.

37. Når det vert hungersnaud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornbrann og rust, grashopper og gnagarar, når fienden kringset byane der, når det kjem allslags plager og sjukdom over folket,

38. og så ein eller annan i heile folket ditt, Israel, ber fram inderlege bøner fordi han kjenner at det stikk han i hjarta, og breier ut hendene sine mot dette huset,

39. då må du høyra det i himmelen, der du bur. Tilgjev, grip inn og lat kvar mann få att etter åtferda si, du som kjenner hjarta hans. For du er den einaste som kjenner menneskehjarta.

40. Så skal dei ottast deg så lenge dei lever i det landet du gav fedrane våre.

41. Det kan òg henda at utlendingar som ikkje høyrer Israel, folket ditt, til, kjem frå eit land langt borte for ditt namn skuld.

42. For dei får nok høyra om ditt store namn, di sterke hand og din strake arm. Når dei så kjem og ber fram bønene sine, med augo vende mot dette huset,

43. så må du høyra dei i himmelen, der du bur, og gjera alt det dei ropar til deg om. Då skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal ottast deg liksom ditt eige folk, Israel, og skjøna at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygt.

44. Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til Herren, med augo vende mot den byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt,

45. då må du i himmelen høyra dei inderlege bønene deira og hjelpa dei til deira rett.

46. Det kan henda at folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – og du vert harm på dei og gjev dei i fiendens hand, så han tek dei til fange og fører dei til fiendelandet, anten det no er langt borte eller nær.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 8