Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 8:24-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Du har halde den lovnaden du gav David, far min, tenaren din. Du gav han med ord og har oppfylt han i gjerning, som det syner seg i dag.

25. Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav David, far min, tenaren din, då du sa: «Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt åsyn, så sant sønene dine aktar på si ferd og held seg til meg, som du har gjort.»

26. Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til David, far min, tenaren din!

27. Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå himmelen, den høge himmel, rømer deg ikkje, langt mindre dette huset som eg har bygt!

28. Vend deg til den inderlege bøna åt tenaren din, Herre, min Gud, og høyr det ropet og den bøna som tenaren din ber fram for deg i dag!

29. Vak over dette huset natt og dag, over den staden der namnet ditt skal bu, som du har sagt. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden!

30. Ja, høyr dei inderlege bønene som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, med augo vende mot denne staden! Og når du høyrer dei i himmelen, der du bur, så bønhøyr og tilgjev!

31. Når ein mann skader nesten sin, og det vert kravt at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset,

Les hele kapitlet 1. Kongebok 8