Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 8:15-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Han sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som i gjerning har oppfylt den lovnaden han gav David, far min, då han sa:

16. «Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut or Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israels-ættene så det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Men eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.»

17. Og David, far min, tenkte å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud.

18. Men Herren sa til David, far min: «Når du har tenkt å byggja eit hus for namnet mitt, så har du gjort vel i det.

19. Men du skal ikkje byggja huset; son din, som er av ditt eige kjøt og blod, han skal byggja huset for namnet mitt.»

20. Og Herren har halde den lovnaden han gav. Eg har fylgt etter David, far min, og sett meg på Israels kongsstol, som Herren har sagt, og eg har bygt dette huset for namnet åt Herren, Israels Gud.

21. Der har eg stelt til ein stad for den kista som gøymer vitnemålet om den pakta Herren gjorde med fedrane våre då han førte dei ut or Egypt.

22. Så steig Salomo fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden. Han breidde ut hendene mot himmelen

23. og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje oppe i himmelen eller her nede på jorda. Du held pakta med tenarane dine og lèt di miskunn mot dei vara ved, når dei ferdast heilhjarta for ditt åsyn.

24. Du har halde den lovnaden du gav David, far min, tenaren din. Du gav han med ord og har oppfylt han i gjerning, som det syner seg i dag.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 8