Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 8:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då kalla Salomo dei eldste i Israel og alle ættehovdingane, leiarane for Israels-ættene, saman til seg i Jerusalem. Dei skulle henta Herrens paktkiste opp frå Davids-byen, det er Sion.

2. Og alle menn i Israel samla seg hjå kong Salomo på høgtida i etanim månad, det er den sjuande månaden i året.

3. Då alle dei eldste i Israel var komne, tok prestane Herrens paktkiste

4. og bar henne opp, og like eins møteteltet og alle dei heilage kara som var i teltet. Det var prestane og levittane som bar dei.

5. Kong Salomo stod framfor kista saman med heile Israels-lyden som hadde samla seg hjå han. Dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen kunne telja eller rekna dei.

6. Så bar prestane Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelromet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane.

7. For kjerubane breidde ut vengene sine over den staden der kista stod, så dei tekte over både kista og berestengene.

8. Stengene var så lange at ein kunne sjå endane av dei frå det heilage romet framfor Det høgheilage, men ikkje utanfrå. Der har dei vore til denne dag.

9. I kista fanst det ikkje anna enn dei to steintavlene som Moses hadde lagt ned der ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med israelittane då dei drog ut or Egypt.

10. Så hende det då prestane gjekk ut or heilagdomen, at skya fylte Herrens hus.

11. Prestane kunne ikkje stå og gjera teneste på grunn av skya; for Herrens herlegdom fylte templet.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 8