Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 5:8-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Så sende Hiram bod til Salomo med desse orda: «Eg har fått den bodskapen du sende meg. Eg skal i alle måtar gjera som du ynskjer når det gjeld sedertrea og sypressane.

9. Folka mine skal føra dei frå Libanon ned til havet. Så skal vi leggja dei i flåtar på sjøen og føra dei til den staden du nemner for meg. Der skal vi ta dei frå kvarandre, og så kan de henta dei. Sidan må du gjera som eg ynskjer, og la meg få det eg treng til hushaldet mitt.»

10. Så lét Hiram Salomo få det han ville av sedertre og sypressar.

11. Og Salomo gav Hiram tjue tusen kor kveite til hushaldet hans og tjue kor fin olivenolje. Så mykje sende han til Hiram kvart år.

12. Herren gav Salomo visdom, så som han hadde lova. Det var fred mellom Hiram og Salomo, og dei gjorde pakt med einannan.

13. Kong Salomo tok ut pliktarbeidarar i heile Israel. Tretti tusen mann tok han ut,

14. og han sende dei i skift til Libanon, ti tusen kvar månad. Ein månad var dei på Libanon og to månader heime. Adoniram hadde tilsyn med pliktarbeidarane.

15. Salomo hadde sytti tusen berarar og åtti tusen steinhoggarar i fjellet,

16. forutan dei arbeidsformennene som stod under futane hans. Dei var tre tusen tre hundre i talet og hadde tilsyn med arbeidsfolket.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 5