Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 5:6-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Sei no frå til folka dine at dei skal hogga sedertre til meg på Libanon. Så skal mine folk arbeida saman med dei, og eg skal gje deg det du bed om i løn til folka dine. For du veit at det finst ingen hjå oss som skjønar seg så vel på tømmerhogst som sidonarane.»

7. Då Hiram fekk denne bodskapen frå Salomo, vart han inderleg glad og sa: «Lova vere Herren i dag, han som har gjeve David så vis ein son og sett han til å styra dette store folket.»

8. Så sende Hiram bod til Salomo med desse orda: «Eg har fått den bodskapen du sende meg. Eg skal i alle måtar gjera som du ynskjer når det gjeld sedertrea og sypressane.

9. Folka mine skal føra dei frå Libanon ned til havet. Så skal vi leggja dei i flåtar på sjøen og føra dei til den staden du nemner for meg. Der skal vi ta dei frå kvarandre, og så kan de henta dei. Sidan må du gjera som eg ynskjer, og la meg få det eg treng til hushaldet mitt.»

10. Så lét Hiram Salomo få det han ville av sedertre og sypressar.

11. Og Salomo gav Hiram tjue tusen kor kveite til hushaldet hans og tjue kor fin olivenolje. Så mykje sende han til Hiram kvart år.

12. Herren gav Salomo visdom, så som han hadde lova. Det var fred mellom Hiram og Salomo, og dei gjorde pakt med einannan.

13. Kong Salomo tok ut pliktarbeidarar i heile Israel. Tretti tusen mann tok han ut,

Les hele kapitlet 1. Kongebok 5