Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 5:12-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Herren gav Salomo visdom, så som han hadde lova. Det var fred mellom Hiram og Salomo, og dei gjorde pakt med einannan.

13. Kong Salomo tok ut pliktarbeidarar i heile Israel. Tretti tusen mann tok han ut,

14. og han sende dei i skift til Libanon, ti tusen kvar månad. Ein månad var dei på Libanon og to månader heime. Adoniram hadde tilsyn med pliktarbeidarane.

15. Salomo hadde sytti tusen berarar og åtti tusen steinhoggarar i fjellet,

16. forutan dei arbeidsformennene som stod under futane hans. Dei var tre tusen tre hundre i talet og hadde tilsyn med arbeidsfolket.

17. Kongen baud at dei skulle bryta ut store og verdfulle steinar; for grunnmuren under templet skulle vera av hoggen stein.

18. Bygningsmennene åt Salomo og Hiram og mennene frå Gebal hogg dei til. Dei gjorde i stand både stokkane og steinane som templet skulle byggjast av.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 5