Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 5:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Hiram, kongen i Tyrus, fekk høyra at Salomo var salva til konge etter far sin, sende han nokre av mennene sine til han. For Hiram hadde alltid vore godvener med David.

2. Sidan sende Salomo bod til Hiram med desse orda:

3. «Du veit at David, far min, ikkje fekk bygt eit hus for namnet åt Herren sin Gud, av di han hadde ufred med fiendane sine på alle kantar, til dess Herren la dei under føtene hans.

4. Men no har Herren min Gud gjeve meg fred rundt ikring. Det finst ingen motstandar og ingen fare meir.

5. Difor tenkjer eg no å byggja eit hus for namnet åt Herren min Gud, så som Herren sa til David, far min: Son din, som eg vil setja på kongsstolen etter deg, han skal byggja huset for namnet mitt.

6. Sei no frå til folka dine at dei skal hogga sedertre til meg på Libanon. Så skal mine folk arbeida saman med dei, og eg skal gje deg det du bed om i løn til folka dine. For du veit at det finst ingen hjå oss som skjønar seg så vel på tømmerhogst som sidonarane.»

7. Då Hiram fekk denne bodskapen frå Salomo, vart han inderleg glad og sa: «Lova vere Herren i dag, han som har gjeve David så vis ein son og sett han til å styra dette store folket.»

8. Så sende Hiram bod til Salomo med desse orda: «Eg har fått den bodskapen du sende meg. Eg skal i alle måtar gjera som du ynskjer når det gjeld sedertrea og sypressane.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 5