Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 4:6-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Akisjar var slottshovding; Adoniram, son til Abda, hadde tilsyn med dei som gjorde pliktarbeid.

7. Salomo sette tolv futar over heile Israel. Dei skulle syta for mat og drikke til kongen og hoffet hans. Kvar sin månad i året skulle dei syta for det.

8. Dette er namna deira: son til Hur, i Efraims-fjellet;

9. son til Deker, i Makas, Sja’albim, Bet-Sjemesj, Elon og Bet-Hanan;

10. son til Hesed, i Arubbot – han hadde Soko og heile Hefer-bygda;

11. son til Abinadab hadde heile Dor-høglandet – han var gift med Tafat, dotter til Salomo;

12. Ba’ana, son til Akilud, hadde Ta’anak, Megiddo og heile Bet-Sjean, som ligg ved Saretan, nedanfor Jisre’el, frå Bet-Sjean til Abel-Mehola og bortom Jokmeam;

13. son til Geber i Ramot i Gilead – han hadde teltbyane åt Ja’ir, son til Manasse, i Gilead, og Argob-bygda i Basan, seksti store byar med murar og bronsebommar;

14. Akinadab, son til Iddo, hadde Mahanajim;

Les hele kapitlet 1. Kongebok 4