Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 4:28-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Bygget og halmen til hestane og arbeidsdyra førte dei dit det skulle vera, kvar etter som han var føresagd.

29. Gud gav Salomo visdom, stort skjøn og eit vit som femnde vidt, liksom sanden på havsens strand.

30. Salomo hadde større visdom enn alle austmennene og egyptarane.

31. Han var visare enn alle menneske, visare enn Etan av Esrah-ætta og Mahol-sønene Heman, Kalkol og Darda. Namnet hans var kjent mellom alle folkeslaga rundt ikring.

32. Salomo laga tre tusen ordtøke, og songane hans var eitt tusen og fem i talet.

33. Han tala om trea, frå sederen på Libanon til isopen som veks ut or muren, og han tala om fe og fuglar, krypdyr og fiskar.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 4