Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 4:23-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. ti gjødde oksar, tjue oksar som hadde gått på beite, og hundre sauer, forutan hjortar, gasellar, dådyr og gjødde gjæser.

24. Han rådde over alt land vestanfor Eufrat, frå Tifsah til Gasa, over alle kongane vestanfor Eufrat, og hadde fred på alle kantar.

25. I Juda og Israel, frå Dan til Be’er-Sjeba, sat kvar mann trygt under sitt vintre og sitt fikentre så lenge Salomo levde.

26. Salomo hadde tolv tusen hestfolk og stallrom til førti tusen vognhestar.

27. Dei tolv futane sytte kvar sin månad for mat og drikke til kong Salomo og alle som gjekk til hans bord; og dei lét det ikkje skorta på noko.

28. Bygget og halmen til hestane og arbeidsdyra førte dei dit det skulle vera, kvar etter som han var føresagd.

29. Gud gav Salomo visdom, stort skjøn og eit vit som femnde vidt, liksom sanden på havsens strand.

30. Salomo hadde større visdom enn alle austmennene og egyptarane.

31. Han var visare enn alle menneske, visare enn Etan av Esrah-ætta og Mahol-sønene Heman, Kalkol og Darda. Namnet hans var kjent mellom alle folkeslaga rundt ikring.

32. Salomo laga tre tusen ordtøke, og songane hans var eitt tusen og fem i talet.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 4