Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 4:18-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Sjimi, son til Ela, i Benjamin;

19. Geber, son til Uri, i Gilead, det landet som amorittkongen Sihon og Basan-kongen Og hadde hatt; dessutan var det ein fut i Juda.

20. Folket i Juda og Israel var tallaust som sanden på havsens strand. Dei åt og drakk og var glade.

21. Salomo rådde over alle kongerika frå Eufrat til Filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt. Dei svara skatt og stod under han så lenge han levde.

22. Til hushaldet hjå Salomo gjekk det kvar dag med tretti kor kveitemjøl og seksti kor anna mjøl,

23. ti gjødde oksar, tjue oksar som hadde gått på beite, og hundre sauer, forutan hjortar, gasellar, dådyr og gjødde gjæser.

24. Han rådde over alt land vestanfor Eufrat, frå Tifsah til Gasa, over alle kongane vestanfor Eufrat, og hadde fred på alle kantar.

25. I Juda og Israel, frå Dan til Be’er-Sjeba, sat kvar mann trygt under sitt vintre og sitt fikentre så lenge Salomo levde.

26. Salomo hadde tolv tusen hestfolk og stallrom til førti tusen vognhestar.

27. Dei tolv futane sytte kvar sin månad for mat og drikke til kong Salomo og alle som gjekk til hans bord; og dei lét det ikkje skorta på noko.

28. Bygget og halmen til hestane og arbeidsdyra førte dei dit det skulle vera, kvar etter som han var føresagd.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 4