Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 3:16-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. På den tid kom det to skjøkjer og steig fram for kongen.

17. Den eine sa: «Høyr på meg, herre! Eg og den kvinna der budde i same huset. Så fekk eg eit barn i huset hjå henne.

18. Tredje dagen etter at eg hadde født, fekk ho òg eit barn. Der var vi åleine, vi to. Det fanst ingen framand hjå oss i huset.

19. Ei natt døydde guten hennar, fordi ho kom til å liggja på han.

20. Då stod ho opp midt på natta, tok guten or armen min medan eg sov, og la han ved barmen sin, og sin eigen døde gut la ho ved min barm.

21. Som eg no stod opp om morgonen og skulle gje guten bryst, var han død. Men då det leid fram på morgonen, og eg såg vel på han, var det ikkje den guten eg hadde født.»

22. Då sa den andre kvinna: «Nei, den guten som lever, er min, og den som er død, er din.» Men den fyrste svara: «Nei, det er din gut som er død, og min som lever.» Såleis stod dei og tretta framfor kongen.

23. Då sa kongen: «Den eine seier: Det er min gut som lever, og din som er død. Og den andre seier: Nei, det er min gut som lever, og din som er død.

24. Henta eit sverd til meg!» sa kongen. Då kom dei inn til kongen med eit sverd,

25. og han sa: «Hogg det levande barnet i to, og lat dei to kvinnene få kvar sin halvpart!»

26. Då loga kjærleiken opp i henne som var mor til det levande barnet, og ho sa: «Høyr på meg, herre! Lat henne få den guten som lever, og drep han ikkje!» Men den andre sa: «Vi skal ikkje ha han anten eg eller du. Berre hogg til!»

27. Då tok kongen til ords og sa: «Lat henne få det levande barnet, og drep det ikkje! Ho er mora.»

28. Det spurdest over heile Israel korleis kongen hadde dømt, og folket fekk age for kongen. For dei såg at han hadde visdom frå Gud til å skifta rett.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 3