Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 3:1-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Salomo fekk farao, kongen i Egypt, til verfar. Han gifte seg med dotter til farao og førte henne heim til Davids-byen. Der budde ho til han hadde bygt ferdig sitt eige hus, Herrens hus og muren kring Jerusalem.

2. Folket ofra endå på haugane; for på den tid var det ikkje bygt noko hus for Herrens namn.

3. Salomo elska Herren og fylgde føresegnene åt David, far sin. Men han slakta og brende offerdyr på haugane.

4. Ein gong fór kongen til Gibeon og ville ofra der, sidan det var den største offerhaugen. Tusen brennoffer bar Salomo fram på altaret der.

5. I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum om natta og sa: «Sei kva du vil at eg skal gje deg!»

6. Salomo svara: «Du har vist stor godleik mot David, far min, tenaren din, av di han ferdast for ditt åsyn i truskap og rettferd og hadde eit hjarta som var ærleg mot deg. Og denne store godleiken mot han har du halde fast på. Du gav han ein son som skulle sitja på kongsstolen hans, så som det er i dag.

7. No har du, Herre min Gud, gjort meg, tenaren din, til konge etter David, far min. Men eg er berre ungguten og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt som førar.

8. Her står tenaren din midt imellom folket ditt, som du har valt ut, eit folk så stort og talrikt at det ikkje kan teljast eller reknast.

9. Så gjev då tenaren din eit høyrsamt hjarta, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt! For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?»

10. Herren tykte vel om bøna åt Salomo.

11. Og Gud sa til han: «Sidan du bad om dette og ikkje om eit langt liv eller rikdom eller at fiendane dine skulle døy, men bad om vit til å skjøna kva som er rett,

12. så vil eg gjera det du har bede om. Eg vil gje deg eit hjarta som er så vist og vitug at det aldri før har vore din like og heller ikkje skal koma det sidan.

13. Men det du ikkje bad om, vil eg òg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane.

14. Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.»

15. Så vakna Salomo og skjøna at det var ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens paktkiste. Han ofra brennoffer, bar fram måltidsoffer og heldt gjestebod for alle mennene sine.

16. På den tid kom det to skjøkjer og steig fram for kongen.

17. Den eine sa: «Høyr på meg, herre! Eg og den kvinna der budde i same huset. Så fekk eg eit barn i huset hjå henne.

18. Tredje dagen etter at eg hadde født, fekk ho òg eit barn. Der var vi åleine, vi to. Det fanst ingen framand hjå oss i huset.

19. Ei natt døydde guten hennar, fordi ho kom til å liggja på han.

20. Då stod ho opp midt på natta, tok guten or armen min medan eg sov, og la han ved barmen sin, og sin eigen døde gut la ho ved min barm.

21. Som eg no stod opp om morgonen og skulle gje guten bryst, var han død. Men då det leid fram på morgonen, og eg såg vel på han, var det ikkje den guten eg hadde født.»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 3