Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 21:13-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Då kom dei to skarvane og sette seg midt for han. Dei vitna mot han så folket høyrde det, og sa: «Nabot har banna Gud og kongen.» Og dei førte han ut or byen og steina han.

14. Så sende dei bod til Jesabel og sa: «Nabot har vorte steina. Han er død.»

15. Med det same Jesabel fekk høyra at Nabot hadde vorte steina, sa ho til Akab: «Stå opp og ta vingarden til Nabot frå Jisre’el i eige, den som han ikkje ville selja deg for pengar! For Nabot lever ikkje lenger; han er død.»

16. Då Akab høyrde at Nabot var død, stod han opp og fór ned til vingarden og ville ta han i eige.

17. Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe, og det lydde så:

18. «Stå opp, gå ned og møt Akab, Israels-kongen, som bur i Samaria! No er han i vingarden åt Nabot; han er faren dit og vil ta han i eige.

19. Såleis skal du tala til han: Så seier Herren: Fyrst har du myrda, og så vil du ha tak i eigedomen! Deretter skal du seia: Så seier Herren: På den staden der hundane sleikte blodet åt Nabot, skal dei sleikja ditt blod òg.»

20. Akab sa til Elia: «Har du funne meg no, uvenen min?» Han svara: «Ja, eg har funne deg. Fordi du har selt deg til å gjera det som vondt er i Herrens augo,

21. vil eg føra ulukke over deg. Eg vil sopa etter deg og rydja ut alle mannfolk i Akabs-ætta, i Israel, både store og små.

22. Eg vil gjera med di ætt som eg gjorde med ætta åt Jeroboam Nebatsson og med ætta åt Basja Akiason. For du har harma meg og fått Israel til å synda.

23. Og om Jesabel har Herren sagt: Hundane skal eta opp Jesabel på Jisre’el-vollen.

24. Den av Akabs-ætta som døyr i byen, skal hundane eta opp; og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp.»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 21