Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 21:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ei tid etter hende dette: Nabot, ein mann i Jisre’el, hadde ein vingard. Han låg innmed eit slott som høyrde Akab, kongen i Samaria, til.

2. Akab tala med Nabot og sa: «Lat meg få vingarden din! Eg vil ha han til grønsakhage, for han ligg så nær huset mitt. Eg skal gje deg ein betre vingard i staden, eller eg skal, om du så vil, gje deg det han er verd i pengar.»

3. Men Nabot svara: «Herren fri meg frå å gje deg fedrearven min!»

4. Så gjekk Akab heim, mismodig og harm fordi Nabot frå Jisre’el hadde svara han så og sagt: «Eg gjev deg ikkje fedrearven min.» Han kasta seg på senga, vende andletet mot veggen og ville ikkje eta.

5. Då kom Jesabel, kona hans, inn og spurde: «Kvifor er du så sturen og smakar ikkje mat?»

6. Han svara: «Eg tala med Nabot frå Jisre’el og bad han selja meg vingarden sin for pengar, eller om han så ville, byta med meg i ein annan vingard. Men han svara: Eg vil ikkje selja deg vingarden min.»

7. Då sa Jesabel, kona hans, til han: «No får du visa at det er du som er konge i Israel! Stå opp, få deg mat og ver ved godt mot! Eg skal syta for at du får vingarden åt Nabot frå Jisre’el.»

8. Så skreiv Jesabel eit brev i Akabs namn, sette seglet hans på og sende det til dei eldste og stormennene som budde i same byen som Nabot.

9. I brevet skreiv ho: «Lys ut ei faste, og lag det så at Nabot får sitja øvst mellom folket!

10. Set to ringe karar midt for han, så dei kan vitna mot han og seia: Du har banna Gud og kongen. Før han så ut og stein han i hel!»

11. Dei eldste og stormennene i Jisre’el gjorde det Jesabel hadde sendt bod til dei om, så som det stod i brevet ho hadde sendt dei.

12. Dei lyste ut ei faste og laga det så at Nabot fekk sitja øvst mellom folket.

13. Då kom dei to skarvane og sette seg midt for han. Dei vitna mot han så folket høyrde det, og sa: «Nabot har banna Gud og kongen.» Og dei førte han ut or byen og steina han.

14. Så sende dei bod til Jesabel og sa: «Nabot har vorte steina. Han er død.»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 21