Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 20:31-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Då sa mennene hans til han: «Vi har høyrt at kongane åt Israels-folket er milde kongar. Lat oss kle oss i strie og leggja reip om halsen og så gå ut til Israels-kongen! Kanskje han då lèt deg få leva.»

32. Så kledde dei seg i strie og la reip om halsen, og då dei kom til Israels-kongen, sa dei: «Benhadad, tenaren din, bed om at du må la han få leva.» Akab svara: «Lever han enno? Han er bror min.»

33. Det tykte mennene varsla godt. Dei tok han straks på ordet og sa: «Ja, Benhadad er bror din.» Då sa Akab: «Gå og henta han!» Så kom Benhadad ut til han, og Akab bad han stiga opp i vogna til seg.

34. Då sa Benhadad til han: «Dei byane som far min tok frå far din, vil eg gje frå meg att. Og du kan få byggja eit handelskvartal i Damaskus, liksom far min gjorde i Samaria.» Akab svara: «På det vilkåret gjev eg deg fri.» Så gjorde han ei pakt med Benhadad og gav han fri.

35. Ein av profetsveinane sa på Herrens bod til ein av dei andre: «Slå til meg!» Men mannen ville ikkje.

36. Då sa profeten til han: «Fordi du ikkje lydde Herrens røyst, skal det koma ei løve og drepa deg når du går frå meg.» Og med det same den andre gjekk, kom det ei løve imot han og drap han.

37. Sidan møtte profeten ein annan mann og sa: «Slå til meg!» Då slo mannen til han så han vart såra.

38. Og profeten gjekk av stad og stod på vegen der kongen skulle koma. Han hadde lagt eit bind over augo, så ingen kjende han att.

39. Då kongen fór framom, ropa profeten til han: «Herre, eg var med på ei hærferd. Midt i striden kom det ein mann bort til meg. Han hadde med seg ein annan mann og sa: Ta vel vare på denne karen! Slepp han unna, må du bøta for det med ditt eige liv eller betala ein talent sølv.

40. Men tenaren din hadde litt å gjera både her og der, og mannen vart borte.» Israels-kongen sa: «Der felte du din eigen dom.»

41. Då reiv profeten bindet frå augo, og kongen kjende han att og såg at det var ein av profetane.

42. Profeten sa til han: «Så seier Herren: Fordi du sleppte frå deg den mannen som eg hadde bannlyst, skal du lata livet i staden for han, og ditt folk i staden for hans folk.»

43. Så fór Israels-kongen heim. Mismodig og harm kom han til Samaria.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 20