Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 20:18-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Då sa han: «Ta dei levande, anten dei kjem i fredeleg ærend, eller dei kjem og vil slåst.»

19. Så drog dei ut or byen, både mennene åt futane og hæren som fylgde dei.

20. Dei hogg ned kvar sin mann. Aramearane rømde, og israelittane forfylgde dei. Benhadad, aramearkongen, kom seg unna på ein hest saman med nokre ryttarar.

21. Sidan drog Israels-kongen sjølv ut og tok hestane og vognene deira. Såleis vann han ein stor siger over aramearane.

22. Då gjekk profeten fram for Israels-kongen og sa til han: «Bu deg til strid! Tenk vel etter kva du skal gjera. For til års kjem aramearkongen og tek på deg att.»

23. Mennene åt aramearkongen sa til kongen sin: «Guden deira er ein fjellgud. Difor vann dei over oss. Men slåst vi med dei på slettlende, vinn vi over dei.

24. Gjer no som vi seier: Set av alle desse kongane, og set inn statthaldarar i staden!

25. Bygg så opp ein hær som er like stor som den du miste, og få deg like mange hestar og vogner som du hadde før. Lat oss så strida med dei på slett mark! Då kan du vera viss på at vi slår dei.» Kongen høyrde på det rådet og gjorde som dei sa.

26. Året etter mønstra Benhadad aramearhæren. Han drog fram til Afek og ville strida mot Israel.

27. Israelittane vart òg kalla til våpen og fekk utstyr. Dei drog ut mot aramearane og leira seg midt for dei som to små geiteflokkar, medan aramearane fylte heile sletta.

28. Då gjekk gudsmannen fram for Israels-kongen og sa til han: «Så seier Herren: Fordi aramearane har sagt at Herren berre er ein fjellgud og ikkje ein dalgud, så vil eg gje heile denne store hopen i dine hender, og de skal skjøna at eg er Herren.»

29. I sju dagar låg hærane midt for einannan. Men den sjuande dagen kom det til strid. Og israelittane felte på ein dag hundre tusen mann av fotfolket åt aramearane.

30. Dei som var att, rømde til Afek og berga seg inn i byen. Men bymuren ramla ned over dei 27 000 mennene som var att.Benhadad òg rømde. Han kom seg inn i byen, der han flaug frå rom til rom.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 20