Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 20:14-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. «Kven skal gjera dette?» spurde Akab. Profeten svara: «Så seier Herren: Det skal dei unge mennene åt futane gjera.» Kongen spurde: «Kven skal byrja striden?» Hin svara: «Du sjølv.»

15. Så mønstra Akab mennene åt futane. Dei var to hundre og trettito i talet. Sidan mønstra han heile hæren, alle israelittane; det var sju tusen mann.

16. Dei slo til ved middagstid, medan Benhadad sat i Sukkot og drakk i lag med dei trettito kongane som fylgde han.

17. Mennene åt futane var dei fyrste som tok av stad. Benhadad hadde folk ute, og dei kom til han og sa frå: «Det har drege ut nokre menn frå Samaria.»

18. Då sa han: «Ta dei levande, anten dei kjem i fredeleg ærend, eller dei kjem og vil slåst.»

19. Så drog dei ut or byen, både mennene åt futane og hæren som fylgde dei.

20. Dei hogg ned kvar sin mann. Aramearane rømde, og israelittane forfylgde dei. Benhadad, aramearkongen, kom seg unna på ein hest saman med nokre ryttarar.

21. Sidan drog Israels-kongen sjølv ut og tok hestane og vognene deira. Såleis vann han ein stor siger over aramearane.

22. Då gjekk profeten fram for Israels-kongen og sa til han: «Bu deg til strid! Tenk vel etter kva du skal gjera. For til års kjem aramearkongen og tek på deg att.»

23. Mennene åt aramearkongen sa til kongen sin: «Guden deira er ein fjellgud. Difor vann dei over oss. Men slåst vi med dei på slettlende, vinn vi over dei.

24. Gjer no som vi seier: Set av alle desse kongane, og set inn statthaldarar i staden!

25. Bygg så opp ein hær som er like stor som den du miste, og få deg like mange hestar og vogner som du hadde før. Lat oss så strida med dei på slett mark! Då kan du vera viss på at vi slår dei.» Kongen høyrde på det rådet og gjorde som dei sa.

26. Året etter mønstra Benhadad aramearhæren. Han drog fram til Afek og ville strida mot Israel.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 20