Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 20:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Benhadad, kongen i Aram, samla heile hæren sin. Trettito kongar fylgde han med hestar og vogner då han fór i hærferd. Benhadad kringsette Samaria og gjekk til åtak på byen.

2. Han sende nokre menn inn i byen til Akab, kongen i Israel,

3. med det bodet: «Så seier Benhadad: Sølvet og gullet ditt er mitt, og dei venaste konene og borna dine er mine.»

4. Israels-kongen svara: «Det er som du seier, herre konge. Eg og alt mitt er ditt.»

5. Men sendemennene kom att og sa: «Så seier Benhadad: Eg sende deg dette bodet: Du skal gje meg sølvet og gullet ditt og konene og borna dine.

6. I morgon på denne tid sender eg folka mine til deg. Dei skal ransaka både huset ditt og husa åt mennene dine, og alt det du set pris på, skal dei ta med seg.»

7. Då kalla Israels-kongen til seg alle dei eldste i landet og sa: «No ser de vel klårt at han berre vil oss vondt. For då han sende bod til meg, var det konene og borna mine og sølvet og gullet mitt han kravde, og eg nekta han ikkje det.»

8. Då sa alle dei eldste og alt folket til han: «Du må ikkje høyra på han og ikkje gjera han til viljes.»

9. Akab sa til sendemennene frå Benhadad: «Sei til min herre kongen at alt det han sende bod til meg om fyrste gongen, det skal eg gjera. Men dette kan eg ikkje gjera.» Det svaret fór sendemennene attende med.

10. Endå ein gong sende Benhadad bod til han og sa: «Gudane la det gå meg ille både no og sidan om det vert nok grus att av Samaria til å fylla nevane på alt det folket som fylgjer meg.»

11. Israels-kongen svara: «Sei til herren dykkar at den som bind sverdet om seg, ikkje må skryta liksom den som løyser det av seg.»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 20