Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 2:38-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

38. Sjimi svara: «Ja vel, tenaren din skal gjera som du seier, herre konge.» Sidan budde Sjimi lenge i Jerusalem.

39. Men då tre år var lidne, hende det at to av trælane hans rømde til Akisj Ma’akason, kongen i Gat. Då Sjimi fekk vita at trælane var i Gat,

40. gjorde han seg ferdig og sala eselet sitt. Han ville fara til Akisj i Gat og leita etter trælane sine. Sjimi fór av stad og henta trælane i Gat.

41. Salomo fekk melding om at Sjimi hadde fare frå Jerusalem til Gat og no var komen heim att.

42. Då sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Tok eg deg ikkje i eid ved Herren då eg åtvara deg og sa: Det skal du vita at den dagen du tek ut frå byen og fer til den eine eller andre staden, då skal du døy. Og du svara: Ja vel, eg har høyrt kva du seier.

43. Kvifor har du då ikkje halde den eiden du svor ved Herren, og det påbodet eg gav deg?»

44. Og kongen heldt fram: «Du veit sjølv kor mykje vondt du har gjort David, far min. No lèt Herren vondskapen din koma over deg sjølv.

45. Men kong Salomo skal vera velsigna, og Davids kongsstol skal i alle tider stå trygt for Herrens åsyn.»

46. Så baud kongen Benaja Jojadason gå ut og hogga han ned. Såleis døydde Sjimi.Sidan hadde Salomo kongedømet trygt i si hand.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 2