Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 2:28-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Då Joab fekk høyra kva som hadde hendt, rømde han til Herrens telt og greip om altarhorna. For han hadde halde med Adonja, endå han ikkje hadde halde med Absalom.

29. Salomo fekk melding om at Joab hadde rømt til Herrens telt og heldt seg nær til altaret. Då sende han Benaja Jojadason i veg og sa: «Gå og hogg han ned!»

30. Då Benaja kom til Herrens telt, sa han til Joab: «Kongen seier at du skal gå bort herifrå.» Men han svara: «Nei, her vil eg døy.»Benaja gjekk tilbake til kongen og fortalde kva Joab hadde sagt og svara.

31. Då sa kongen til han: «Gjer som han seier! Hogg han ned og få han i jorda! Så friar du meg og farsætta mi for den skulda som Joab førte over oss då han rende ut blodet åt skuldlause menneske.

32. Herren vil la blodskulda koma over han, fordi han hogg ned to menn som var rettferdigare og betre enn han: Abner Nersson, hærføraren i Israel, og Amasa Jetersson, hærføraren i Juda. Han drap dei med sverd utan at David, far min, visste om det.

33. I all framtid skal Joab og etterkomarane hans bera skulda for drapet på dei. Men David og etterkomarane hans, huset og kongsstolen hans skal Herren la det gå vel i all framtid.»

34. Så gjekk Benaja Jojadason opp og gav Joab banehogg, og han vart gravlagd i heimen sin ute på landet.

35. Kongen sette Benaja Jojadason til hærførar etter Joab. Og han sette Sadok til prest etter Abjatar.

36. Så sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Bygg deg eit hus i Jerusalem! Der skal du bu, og derifrå skal du ikkje fara bort, korkje til den eine eller andre staden.

37. Det skal du vita at den dagen du tek ut og går over Kedron-bekken, då skal du døy. Og sjølv har du skulda for at du vert drepen.»

38. Sjimi svara: «Ja vel, tenaren din skal gjera som du seier, herre konge.» Sidan budde Sjimi lenge i Jerusalem.

39. Men då tre år var lidne, hende det at to av trælane hans rømde til Akisj Ma’akason, kongen i Gat. Då Sjimi fekk vita at trælane var i Gat,

40. gjorde han seg ferdig og sala eselet sitt. Han ville fara til Akisj i Gat og leita etter trælane sine. Sjimi fór av stad og henta trælane i Gat.

41. Salomo fekk melding om at Sjimi hadde fare frå Jerusalem til Gat og no var komen heim att.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 2