Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 2:17-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Då sa han: «Tal med kong Salomo – for deg viser han ikkje bort – og bed om at han lèt meg få Abisjag frå Sjunem til kone.»

18. Batseba svara: «Ja vel, eg skal tala med kongen for deg.»

19. Så gjekk Batseba til kong Salomo og ville leggja Adonjas sak fram for han. Kongen reiste seg, gjekk imot henne og bøygde seg djupt for henne. Så sette han seg på kongsstolen. Det vart sett fram ein stol for kongsmora, og ho sette seg attmed han på høgre sida.

20. Ho sa: «Det er berre ein liten ting eg vil be deg om, og du må ikkje visa meg bort.» Kongen svara: «Sei kva du ynskjer, mor! Eg viser deg ikkje bort.»

21. Då sa ho: «Lat Adonja, bror din, få Abisjag frå Sjunem til kone!»

22. Men kong Salomo tok til ords og sa til mor si: «Kvifor bed du om Abisjag frå Sjunem for Adonja? Du kan like godt be om kongedømet for han. Han er då bror min og eldre enn eg, og han har presten Abjatar og Joab Serujason på si side.»

23. Og kong Salomo svor ved Herren og sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje dette skal kosta Adonja livet!

24. Så sant Herren lever, han som har sett meg på kongsstolen etter David, far min, og grunnlagt ei kongsætt for meg, såleis som han lova: Adonja skal døy, og det i denne dag!»

25. Så sende kong Salomo Benaja Jojadason i veg; han rauk på Adonja og drap han.

26. Til presten Abjatar sa kongen: «Far heim til garden din i Anatot! Du har gjort deg skuldig til døden. Men eg vil ikkje drepa deg i dag; for du har bore paktkista åt Herren Gud framfor David, far min, og du har vore med far min og lide alt det han laut lida.»

27. Så dreiv Salomo Abjatar bort og lét han ikkje få vera prest for Herren lenger. Såleis vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala mot Eli-ætta i Sjilo.

28. Då Joab fekk høyra kva som hadde hendt, rømde han til Herrens telt og greip om altarhorna. For han hadde halde med Adonja, endå han ikkje hadde halde med Absalom.

29. Salomo fekk melding om at Joab hadde rømt til Herrens telt og heldt seg nær til altaret. Då sende han Benaja Jojadason i veg og sa: «Gå og hogg han ned!»

30. Då Benaja kom til Herrens telt, sa han til Joab: «Kongen seier at du skal gå bort herifrå.» Men han svara: «Nei, her vil eg døy.»Benaja gjekk tilbake til kongen og fortalde kva Joab hadde sagt og svara.

31. Då sa kongen til han: «Gjer som han seier! Hogg han ned og få han i jorda! Så friar du meg og farsætta mi for den skulda som Joab førte over oss då han rende ut blodet åt skuldlause menneske.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 2