Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 2:10-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Så gjekk David til kvile hjå fedrane sine og vart gravlagd i Davids-byen.

11. I førti år hadde han vore konge over Israel. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem.

12. Salomo fylgde etter David, far sin, på kongsstolen, og kongedømet hans vart sterkt og fast.

13. Ein dag kom Adonja, son til Haggit, inn til Batseba, mor åt Salomo. «Kjem du i fredeleg ærend?» spurde ho. «Ja,» svara han,

14. «eg har noko å tala med deg om.» «Tal du!» sa ho.

15. Då sa han: «Du veit at kongedømet med rette var mitt, og heile Israel venta at eg skulle verta konge. Men så gjekk kongedømet over frå meg til bror min. Han fekk det av Herren sjølv.

16. No er det berre ein ting eg vil be deg om, og du må ikkje visa meg bort.» «Sei det!» svara Batseba.

17. Då sa han: «Tal med kong Salomo – for deg viser han ikkje bort – og bed om at han lèt meg få Abisjag frå Sjunem til kone.»

18. Batseba svara: «Ja vel, eg skal tala med kongen for deg.»

19. Så gjekk Batseba til kong Salomo og ville leggja Adonjas sak fram for han. Kongen reiste seg, gjekk imot henne og bøygde seg djupt for henne. Så sette han seg på kongsstolen. Det vart sett fram ein stol for kongsmora, og ho sette seg attmed han på høgre sida.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 2