Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 2:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då det leid til den tid at David skulle døy, sa han til Salomo, son sin:

2. No fer eg snart den vegen som alt her på jorda må fara. Men ver du sterk, og vis at du er ein mann!

3. Gjev akt på det som Herren din Gud har fastsett! Gå på hans vegar og hald hans føreskrifter, bod, lover og føresegner, som dei står skrivne i Moselova. Då skal det lukkast for deg, alt det du gjer og tek deg føre.

4. For Herren vil oppfylla den lovnaden han gav då han sa om meg: «Dersom sønene dine aktar på si ferd og vandrar for mitt åsyn i truskap, av heile sitt hjarta og heile sin hug, skal det aldri vanta ein mann av di ætt på Israels kongsstol.»

5. Du veit sjølv korleis Joab Serujason har bore seg åt mot meg. Kom i hug kva han gjorde med dei to hærførarane i Israel, Abner Nersson og Amasa Jetersson. Han drap dei og rende ut blod i fredstid som om det var krig. Såleis fekk han blod på beltet han hadde om livet, og på skorne han hadde på føtene.

6. Bruk no det gode vitet ditt, og lat ikkje den gamle og gråhåra mannen fara i fred til dødsriket!

7. Men sønene til Barsillai frå Gilead skal du gjera vel imot. Lat dei vera mellom dei som et ved bordet ditt. For dei tok venleg imot meg då eg rømde for Absalom, bror din.

8. Du har òg hjå deg Sjimi, son til Gera frå Bakurim, av Benjamins-ætta. Det var han som forbanna meg så stygt den dagen eg fór til Mahanajim. Men sidan kom han og møtte meg nedmed Jordan. Då svor eg ved Herren og lova at eg ikkje skulle la han døy for sverd.

9. Men du må ikkje la han sleppa straff. Du er ein klok mann og veit nok kva du skal gjera, så du får sendt han ned til dødsriket med blod i det gråe håret.

10. Så gjekk David til kvile hjå fedrane sine og vart gravlagd i Davids-byen.

11. I førti år hadde han vore konge over Israel. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem.

12. Salomo fylgde etter David, far sin, på kongsstolen, og kongedømet hans vart sterkt og fast.

13. Ein dag kom Adonja, son til Haggit, inn til Batseba, mor åt Salomo. «Kjem du i fredeleg ærend?» spurde ho. «Ja,» svara han,

14. «eg har noko å tala med deg om.» «Tal du!» sa ho.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 2