Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 18:38-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

38. Då fór Herrens eld ned og øydde både offeret og veden, steinane og molda, og sleikte opp vatnet som var i veita.

39. Då folket såg det, kasta dei seg til jorda og sa: «Herren, han er Gud! Herren, han er Gud!»

40. Elia sa til dei: «Ta Ba’al-profetane! Lat ikkje ein av dei sleppa unna!» Då tok dei Ba’al-profetane, og Elia førte dei ned til Kisjon-bekken og drap dei der.

41. Sidan sa Elia til Akab: «No kan du gå opp og få deg mat og drikke; for eg høyrer susen av regnet.»

42. Då gjekk Akab opp og heldt måltid. Og Elia steig opp på toppen av Karmel og bøygde seg mot jorda med andletet mellom knea.

43. Så sa han til tenaren sin: «Gå opp og sjå ut mot havet!» Guten gjekk opp og såg utover, men sa: «Det er ingenting å sjå.» Sju gonger sa Elia: «Gå opp att!»

44. Sjuande gongen sa guten: «Eg ser ei lita sky som stig opp or havet. Ho er ikkje større enn neven på ein mann.» Då sa Elia: «Gå og sei til Akab at han må spenna føre og fara heim, så regnet ikkje skal hefta han!»

45. På ein augneblink svartna himmelen til med skyer og storm, og det tok til å stridregna. Akab steig opp i vogna si og køyrde til Jisre’el.

46. Då kom Herrens hand over Elia. Han batt beltet om livet og sprang føre Akab heilt til Jisre’el.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 18