Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 18:29-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Då det leid over middag, tok dei til å rasa. Såleis heldt dei på til den tid grødeofferet vert frambore. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara, og ingen som ansa dei.

30. Då sa Elia til folkehopen: «Kom hit til meg!» Og alt folket gjekk bortåt han. Så bygde han opp att Herrens altar, som var nedrive.

31. Han tok tolv steinar, ein for kvar av dei folkegreinene som var ætta frå sønene til Jakob, han som Herren hadde tala dette ordet til: «Israel skal namnet ditt vera.»

32. Av desse steinane bygde han eit altar i Herrens namn. Og rundt ikring altaret grov han ei veit så stor at ho svara til ein åker som tek to mål såkorn.

33. Han la veden til rettes, lema sund oksen og la han oppå veden.

34. Så sa han: «Fyll fire krukker med vatn og aus det ut over brennofferet og veden!» Og han sa: «Gjer det ein gong til!» Så gjorde dei det andre gongen. Då sa han: «Gjer det endå ein gong!» Så gjorde dei det tredje gongen.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 18