Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 18:19-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Men send no bod ikring og kall heile Israel saman hjå meg på Karmel-fjellet, og like eins dei fire hundre og femti Ba’al-profetane og dei fire hundre Asjera-profetane som går til bords hjå Jesabel!»

20. Så sende Akab bod ikring til alle israelittane og stemnde profetane saman på Karmel-fjellet.

21. Då steig Elia fram for alt folket og sa: «Kor lenge vil de halta til begge sider? Er Herren Gud, så hald dykk til han, og er Ba’al Gud, så hald dykk til han!» Men folket svara ikkje eit ord.

22. Då sa Elia til dei: «Eg er den einaste som er att av Herrens profetar. Men Ba’al-profetane er fire hundre og femti mann.

23. Lat oss no få to oksar! Så kan dei velja seg den eine oksen, lema han sund og leggja han på veden; men dei må ikkje kveikja eld på. Og eg skal stella til den andre oksen og leggja han på veden, men ikkje kveikja eld.

24. Så kan de kalla på guden dykkar, og eg vil kalla på Herren. Den guden som då svarar med eld, han er Gud.» Heile folket svara: «Ja, lat det vera så!»

25. Då sa Elia til Ba’al-profetane: «Vel dykk ein av oksane og stell han til fyrst, sidan de er flest! Kall så på guden dykkar, men kveik ikkje eld!»

26. Så tok dei den oksen han hadde gjeve dei, stelte han til og ropa på Ba’al frå morgon til middag. «Svar oss, Ba’al!» sa dei. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara. Imedan hinka dei kring altaret dei hadde reist.

27. Då det var middag vorte, tok Elia til å spotta dei og sa: «Rop høgare! Han er då gud. Han er vel fallen i tankar, eller han har gått for seg sjølv eller er ute og ferdast. Kan henda søv han og må vakna fyrst.»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 18