Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 18:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så gjekk det ei lang tid. Tredje året kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: «Gå og stig fram for Akab! Eg vil senda regn over jorda.»

2. Elia gjekk i veg og steig fram for Akab.Det var stor hungersnaud i Samaria.

3. Då kalla Akab til seg Obadja, slottshovdingen sin. Obadja var ein mann som hadde stor age for Herren.

4. Den gongen Jesabel rudde ut Herrens profetar, tok han hundre profetar og løynde dei i to holer, femti i kvar hole, og sytte for mat og drikke til dei.

5. No sa Akab til han: «Kom, lat oss fara gjennom landet, til alle kjelder og bekker! Kanskje vi då finn gras, så vi kan halda liv i hestar og muldyr og ikkje treng slakta noko av buskapen.»

6. Så delte dei landet mellom seg; dei skulle fara gjennom det kvar for seg. Akab fór ein veg og Obadja ein annan.

7. Som no Obadja gjekk framover vegen, møtte han Elia. Med det same han drog kjensel på han, kasta han seg ned og sa: «Er det du, min herre Elia?»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 18