Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 14:7-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Gå og sei til Jeroboam: Så seier Herren, Israels Gud: Eg lyfte deg ut or folket og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt.

8. Eg reiv riket frå Davidsætta og gav det til deg. Men du har ikkje vore som David, tenaren min. Han heldt boda mine og fylgde meg av heile sitt hjarta, så han berre gjorde det som rett var i mine augo.

9. Men du har bore deg verre åt enn alle dei som var før deg. Du har gått bort og laga deg andre gudar, støypte gudebilete. Såleis har du harma meg, og du har vendt meg ryggen.

10. Difor vil eg føra ulukke over Jeroboams hus og rydja ut alle mannfolk i ætta hans i Israel, både store og små. Og eg vil sopa etter Jeroboams ætt, som når ein sopar bort bos, til det ikkje finst eit grann att.

11. Den av Jeroboams-ætta som døyr i byen, skal hundane eta opp, og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp. Herren har tala.

12. No skal du gå heim att. Med det same du set foten din i byen, døyr barnet.

13. Heile Israel skal halda syrgjehøgtid over guten og fylgja han til grava. For han var den einaste i Jeroboams ætt som Herren, Israels Gud, fann noko godt hjå.

14. Men Herren vil reisa opp ein konge over Israel som skal rydja ut Jeroboams ætt. No er dagen komen

15. då Herren skal slå israelittane, så dei vert liksom sevet som svagar hit og dit i vatnet. Han skal rykkja dei opp or dette gode landet som han gav fedrane deira, og spreia dei bortanfor Eufrat, fordi dei har laga seg Asjera-pålar og harma Herren.

16. Han skal gje Israel i fiendevald for dei syndene skuld som Jeroboam har gjort og fått Israel til å gjera.»

17. Då tok kona til Jeroboam ut og fór heim att til Tirsa. Med det same ho sette foten på dørstokken i huset, døydde guten.

18. Heile Israel fylgde han til grava og heldt syrgjehøgtid over han. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom profeten Akia, tenaren sin.

19. Det som elles er å seia om Jeroboam, om krigane han førte, og korleis han styrte, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

20. Jeroboam styrte i tjueto år. Så gjekk han til kvile hjå fedrane sine, og Nadab, son hans, vart konge etter han.

21. I Juda rådde Rehabeam, son til Salomo. Han var førtiein år gamal då han vart konge, og han styrte i sytten år i Jerusalem, den byen Herren hadde valt ut i alle Israels-ættene og gjort til bustad for namnet sitt. Mor hans heitte Na’ama og var frå Ammon.

22. Folket i Juda gjorde det som vondt var i Herrens augo. Med syndene sine eggja dei han til harme endå meir enn fedrane deira hadde gjort.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 14