23. Dei bygde seg offerhaugar og reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart grønt tre.
24. Det fanst jamvel folk i landet som dreiv tempelutukt. Dei tok etter all den styggedomen som gjekk føre seg hjå dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.
25. Så hende det i det femte styringsåret åt Rehabeam at Sjisjak, kongen i Egypt, gjorde ei hærferd mot Jerusalem.
26. Han tok alle skattane både i Herrens hus og i kongsgarden. Like eins tok han alle gullskjolda som Salomo hadde fått laga.
27. I staden fekk kong Rehabeam laga bronseskjold, og han sette hovdingane over livvakta som heldt vakt i slottsporten, til å ta vare på dei.
28. Kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar vaktene desse skjolda og tok dei så med seg attende til vaktromet.
29. Det som elles er å seia om Rehabeam og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
30. Mellom Rehabeam og Jeroboam var det ufred heile tida.
31. Så gjekk Rehabeam til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Davids-byen. Mor hans heitte Na’ama og var frå Ammon. Abia, son hans, vart konge etter han.