Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 14:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. På den tid vart Abia, son til Jeroboam, sjuk.

2. Då sa Jeroboam til kona si: «Ta og kled deg ut, så ingen kan sjå at du er kona mi. Gå så til Sjilo, der profeten Akia bur, han som spådde at eg skulle verta konge over dette folket.

3. Ta med deg ti brød, nokre kaker og ei krukke med honning og gå til han; så seier han deg nok korleis det skal gå med guten.»

4. Kona gjorde som han bad. Ho ferda seg til og fór til Sjilo og kom til huset åt Akia. Akia kunne ikkje sjå; han var stiv i blikket fordi han var så gamal.

5. Men Herren hadde sagt til han: «No kjem kona åt Jeroboam og vil spørja deg til råds om son sin; for han er sjuk. Så og så skal du svara henne. Men når ho kjem, læst ho vera ei anna.»

6. Då Akia høyrde lyden av fotstega hennar i døra, sa han: «Kom inn, du kona åt Jeroboam! Kvifor læst du vera ei anna? Eg har fått så tung ein bodskap til deg.

7. Gå og sei til Jeroboam: Så seier Herren, Israels Gud: Eg lyfte deg ut or folket og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt.

8. Eg reiv riket frå Davidsætta og gav det til deg. Men du har ikkje vore som David, tenaren min. Han heldt boda mine og fylgde meg av heile sitt hjarta, så han berre gjorde det som rett var i mine augo.

9. Men du har bore deg verre åt enn alle dei som var før deg. Du har gått bort og laga deg andre gudar, støypte gudebilete. Såleis har du harma meg, og du har vendt meg ryggen.

10. Difor vil eg føra ulukke over Jeroboams hus og rydja ut alle mannfolk i ætta hans i Israel, både store og små. Og eg vil sopa etter Jeroboams ætt, som når ein sopar bort bos, til det ikkje finst eit grann att.

11. Den av Jeroboams-ætta som døyr i byen, skal hundane eta opp, og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp. Herren har tala.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 14