Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 13:5-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Altaret rivna, og den feite oska vart spreidd utover. Det var teiknet som gudsmannen hadde varsla på Herrens bod.

6. Då tok kongen til ords og sa til gudsmannen: «Sjå om du kan vinna godvilje hjå Herren din Gud, og bed for meg at eg må få ta handa til meg att.» Gudsmannen gjorde som han bad, og då kunne kongen ta handa til seg; ho vart som ho hadde vore.

7. Sidan sa kongen til gudsmannen: «Ver med meg heim og få noko å styrkja deg på; så skal eg gje deg ei gåve.»

8. Men gudsmannen svara: «Om du gav meg halve huset ditt, ville eg ikkje vera med deg heim. På denne staden vil eg korkje smaka mat eller drikke;

9. for Herren gav meg dette påbodet då han tala til meg: Du skal ikkje eta eller drikka noko og ikkje fara heim att same vegen som du kom.»

10. Så gjekk han, og han fór ikkje heim att den vegen han var komen til Betel, men tok ei anna lei.

11. I Betel budde det ein gamal profet. Sønene hans kom og fortalde han alt det gudsmannen hadde gjort i Betel den dagen, og kva han hadde sagt til kongen. Då dei hadde fortalt det til far sin,

12. spurde han: «Kva veg tok han?» Sønene viste han kva veg han hadde teke, den gudsmannen som var komen frå Juda.

13. Då sa han til dei: «Sala eselet for meg!» Dei sala eselet, og han sette seg oppå

14. og reid av stad etter gudsmannen. Han fann han sitjande under ei terebinte og spurde: «Er du den gudsmannen som er komen frå Juda?» «Ja, det er eg,» svara han.

15. Då sa profeten til han: «Ver med meg heim og få deg litt mat!»

16. Men gudsmannen svara: «Eg kan ikkje fylgja deg attende og ta inn hjå deg. Eg vil korkje eta eller drikka noko saman med deg på denne staden.

17. For så lydde Herrens ord til meg: Du skal ikkje eta eller drikka noko der og ikkje fara heim att den vegen du kom.»

18. Då sa den andre: «Eg òg er profet liksom du. Ein engel kom til meg med bod frå Herren og sa: Ta han med deg heim, så han kan få seg mat og drikke.» Men då han sa det, laug han for han.

19. Så vart gudsmannen med han heim og åt og drakk i huset hans.

20. Medan dei sat til bords, kom Herrens ord til profeten som hadde fått han med seg heim,

21. og han ropa til gudsmannen som var komen frå Juda: «Så seier Herren: Sidan du trassa Herrens ord og ikkje heldt deg etter det bodet som Herren din Gud gav deg,

22. men gjekk attende og åt og drakk på den staden der han hadde sagt at du ikkje skulle eta eller drikka, så skal liket ditt ikkje koma i grava åt fedrane dine.»

23. Då gudsmannen hadde ete og drukke, sala profeten eselet for han,

24. og han tok av stad. Men på vegen kom det ei løve imot han. Ho drap han, og liket vart slengt ned på vegen. Eselet vart ståande attmed liket, og der stod løva òg.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 13