Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 13:26-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Då profeten som hadde fått mannen med seg heim frå vegen, fekk høyra det, sa han: «Det er den gudsmannen som trassa Herrens ord. Difor lét Herren løva ta han, og ho har rive han i hel, etter det ordet Herren hadde tala til han.»

27. Så sa profeten til sønene sine: «Sala eselet for meg!» Dei så gjorde,

28. og han tok av stad. Han fann liket liggjande på vegen og eselet og løva som stod attmed det. Løva hadde ikkje ete liket og ikkje rive sund eselet.

29. Profeten tok den drepne gudsmannen, la han på eselet og hadde han med seg heim. Den gamle profeten kom til byen og ville halda syrgjehøgtid over gudsmannen og gravleggja han.

30. Han la liket i si eiga grav, og dei heldt syrgjehøgtid og ropa: «Ai, ai, bror!»

31. Då han hadde gravlagt gudsmannen, sa han til sønene sine: «Når eg døyr, skal de leggja meg i den grava som gudsmannen ligg i. De skal leggja beina mine attmed hans.

32. For det skal gå i oppfylling, det ordet han på Herrens bod ropa mot altaret i Betel og mot alle heilagdomane på haugane ved byane i Samaria.»

33. Trass i denne hendinga vende ikkje Jeroboam om frå si vonde ferd. Han heldt fram med å setja kven han ville til prestar på offerhaugane. Alle som hadde hug til det, vigde han til prestar på haugane.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 13