Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 13:22-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. men gjekk attende og åt og drakk på den staden der han hadde sagt at du ikkje skulle eta eller drikka, så skal liket ditt ikkje koma i grava åt fedrane dine.»

23. Då gudsmannen hadde ete og drukke, sala profeten eselet for han,

24. og han tok av stad. Men på vegen kom det ei løve imot han. Ho drap han, og liket vart slengt ned på vegen. Eselet vart ståande attmed liket, og der stod løva òg.

25. Best det var, kom det nokre menn framom. Dei såg liket som låg slengt på vegen, og løva som stod attmed det. Då dei kom til byen der den gamle profeten budde, fortalde dei om det dei hadde sett.

26. Då profeten som hadde fått mannen med seg heim frå vegen, fekk høyra det, sa han: «Det er den gudsmannen som trassa Herrens ord. Difor lét Herren løva ta han, og ho har rive han i hel, etter det ordet Herren hadde tala til han.»

27. Så sa profeten til sønene sine: «Sala eselet for meg!» Dei så gjorde,

28. og han tok av stad. Han fann liket liggjande på vegen og eselet og løva som stod attmed det. Løva hadde ikkje ete liket og ikkje rive sund eselet.

29. Profeten tok den drepne gudsmannen, la han på eselet og hadde han med seg heim. Den gamle profeten kom til byen og ville halda syrgjehøgtid over gudsmannen og gravleggja han.

30. Han la liket i si eiga grav, og dei heldt syrgjehøgtid og ropa: «Ai, ai, bror!»

31. Då han hadde gravlagt gudsmannen, sa han til sønene sine: «Når eg døyr, skal de leggja meg i den grava som gudsmannen ligg i. De skal leggja beina mine attmed hans.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 13