Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 13:2-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. På Herrens bod ropa han mot altaret: «Altar! Altar! Så seier Herren: Det skal fødast ein son i Davids-ætta; Josjia skal han heita. På deg skal han ofra offerhaug-prestane som brenner offer på deg; på deg skal han brenna menneskebein.»

3. Samstundes varsla han eit teikn og sa: «Dette er teiknet på at Herren har tala: Altaret skal rivna, og den feite oska som ligg på det, skal spreiast utover.»

4. Då kong Jeroboam høyrde det som gudsmannen ropa mot altaret i Betel, rette han ut handa frå altaret og sa: «Grip han!» Med det same stivna handa som han rette ut, og han kunne ikkje ta henne til seg att.

5. Altaret rivna, og den feite oska vart spreidd utover. Det var teiknet som gudsmannen hadde varsla på Herrens bod.

6. Då tok kongen til ords og sa til gudsmannen: «Sjå om du kan vinna godvilje hjå Herren din Gud, og bed for meg at eg må få ta handa til meg att.» Gudsmannen gjorde som han bad, og då kunne kongen ta handa til seg; ho vart som ho hadde vore.

7. Sidan sa kongen til gudsmannen: «Ver med meg heim og få noko å styrkja deg på; så skal eg gje deg ei gåve.»

8. Men gudsmannen svara: «Om du gav meg halve huset ditt, ville eg ikkje vera med deg heim. På denne staden vil eg korkje smaka mat eller drikke;

9. for Herren gav meg dette påbodet då han tala til meg: Du skal ikkje eta eller drikka noko og ikkje fara heim att same vegen som du kom.»

10. Så gjekk han, og han fór ikkje heim att den vegen han var komen til Betel, men tok ei anna lei.

11. I Betel budde det ein gamal profet. Sønene hans kom og fortalde han alt det gudsmannen hadde gjort i Betel den dagen, og kva han hadde sagt til kongen. Då dei hadde fortalt det til far sin,

12. spurde han: «Kva veg tok han?» Sønene viste han kva veg han hadde teke, den gudsmannen som var komen frå Juda.

13. Då sa han til dei: «Sala eselet for meg!» Dei sala eselet, og han sette seg oppå

14. og reid av stad etter gudsmannen. Han fann han sitjande under ei terebinte og spurde: «Er du den gudsmannen som er komen frå Juda?» «Ja, det er eg,» svara han.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 13