Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 13:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Men best som Jeroboam stod for altaret og kveikte offerelden, kom det etter Herrens vilje ein gudsmann frå Juda til Betel.

2. På Herrens bod ropa han mot altaret: «Altar! Altar! Så seier Herren: Det skal fødast ein son i Davids-ætta; Josjia skal han heita. På deg skal han ofra offerhaug-prestane som brenner offer på deg; på deg skal han brenna menneskebein.»

3. Samstundes varsla han eit teikn og sa: «Dette er teiknet på at Herren har tala: Altaret skal rivna, og den feite oska som ligg på det, skal spreiast utover.»

4. Då kong Jeroboam høyrde det som gudsmannen ropa mot altaret i Betel, rette han ut handa frå altaret og sa: «Grip han!» Med det same stivna handa som han rette ut, og han kunne ikkje ta henne til seg att.

5. Altaret rivna, og den feite oska vart spreidd utover. Det var teiknet som gudsmannen hadde varsla på Herrens bod.

6. Då tok kongen til ords og sa til gudsmannen: «Sjå om du kan vinna godvilje hjå Herren din Gud, og bed for meg at eg må få ta handa til meg att.» Gudsmannen gjorde som han bad, og då kunne kongen ta handa til seg; ho vart som ho hadde vore.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 13