Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 11:34-43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

34. Likevel vil eg ikkje ta noko av riket frå han sjølv; han skal få vera fyrste så lenge han lever, for Davids skuld, han som var tenaren min, han som eg valde ut, og som heldt seg etter boda og lovene mine.

35. Men eg vil ta riket frå son hans og gje dei ti ættene til deg.

36. Ei ætt vil eg gje son hans, så David, tenaren min, alltid skal ha ei lampe som lyser for mitt åsyn i Jerusalem, den byen eg har valt ut til bustad for namnet mitt.

37. No set eg deg til å rå over alt det du ynskjer; du skal vera konge over Israel.

38. Og høyrer du på alt det eg seier deg, går du på mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, held du boda og lovene mine, som David, tenaren min, gjorde, så skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som står støtt, så som eg gjorde for David, og eg skal gje deg Israel.

39. Davids-ætta vil eg audmykja for det som er gjort, men ikkje for all framtid.

40. Salomo freista no å drepa Jeroboam. Men Jeroboam tok ut og rømde til Egypt, til Sjisjak, som var konge der. Og han vart verande i Egypt til Salomo var død.

41. Det som elles er å seia om Salomo, om alt det han gjorde, og om visdomen hans, det står skrive i krønikeboka åt Salomo.

42. I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel.

43. Så gjekk Salomo til kvile hjå fedrane sine og vart gravlagd i byen åt David, far sin. Og Rehabeam, son hans, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 11