Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 11:25-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Reson låg i strid med Israel så lenge Salomo levde. Både han og Hadad valda Israel skade. Han var konge over Aram og hata Israel.

26. Jeroboam Nebatsson frå Sereda i Efraim var ein av Salomos menn. Mor hans heitte Serua og var enkje. Han gjorde opprør mot kongen.

27. Såleis gjekk det til då Jeroboam reiste seg mot kongen: Salomo heldt på og bygde Millo og tetta opninga i muren kring byen som bar namn etter David, far hans.

28. No var Jeroboam ein dugande kar, og då Salomo såg at denne ungguten gjorde godt arbeid, sette han han til å ha tilsyn med alt pliktarbeidet som Josefs-ætta laut gjera.

29. Så hende det ein gong på den tid at Jeroboam gjekk ut or Jerusalem. På vegen møtte han profeten Akia frå Sjilo, og han var kledd i ei ny kappe. Dei to var åleine ute på marka.

30. Då tok Akia den nye kappa han hadde på seg, reiv henne i tolv stykke

31. og sa til Jeroboam: Ta ti av desse stykka! For så seier Herren, Israels Gud: Eg vil riva riket ut or hendene på Salomo og gje dei ti ættene til deg.

32. Berre den eine ætta skal han få ha for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut i alle Israels-ættene.

33. Det gjer eg fordi Salomo har vendt seg bort frå meg og tilbede Astarte, gudinna åt sidonarane, Kamosj, guden åt moabittane, og Milkom, guden åt ammonittane. Han har ikkje gått på mine vegar og ikkje gjort det som rett er i mine augo. Han har ikkje halde lovene og boda mine, som David, far hans, gjorde.

34. Likevel vil eg ikkje ta noko av riket frå han sjølv; han skal få vera fyrste så lenge han lever, for Davids skuld, han som var tenaren min, han som eg valde ut, og som heldt seg etter boda og lovene mine.

35. Men eg vil ta riket frå son hans og gje dei ti ættene til deg.

36. Ei ætt vil eg gje son hans, så David, tenaren min, alltid skal ha ei lampe som lyser for mitt åsyn i Jerusalem, den byen eg har valt ut til bustad for namnet mitt.

37. No set eg deg til å rå over alt det du ynskjer; du skal vera konge over Israel.

38. Og høyrer du på alt det eg seier deg, går du på mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, held du boda og lovene mine, som David, tenaren min, gjorde, så skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som står støtt, så som eg gjorde for David, og eg skal gje deg Israel.

39. Davids-ætta vil eg audmykja for det som er gjort, men ikkje for all framtid.

40. Salomo freista no å drepa Jeroboam. Men Jeroboam tok ut og rømde til Egypt, til Sjisjak, som var konge der. Og han vart verande i Egypt til Salomo var død.

41. Det som elles er å seia om Salomo, om alt det han gjorde, og om visdomen hans, det står skrive i krønikeboka åt Salomo.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 11