Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 11:23-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Gud lét endå ein motstandar reisa seg mot Salomo. Det var Reson, son til Eljada. Han hadde rømt frå herren sin, Hadadeser, kongen i Soba.

24. Reson samla folk om seg og vart hovding for ein røvarflokk. Dei drog til Damaskus, slo seg ned der og gjorde seg til herrar i byen.

25. Reson låg i strid med Israel så lenge Salomo levde. Både han og Hadad valda Israel skade. Han var konge over Aram og hata Israel.

26. Jeroboam Nebatsson frå Sereda i Efraim var ein av Salomos menn. Mor hans heitte Serua og var enkje. Han gjorde opprør mot kongen.

27. Såleis gjekk det til då Jeroboam reiste seg mot kongen: Salomo heldt på og bygde Millo og tetta opninga i muren kring byen som bar namn etter David, far hans.

28. No var Jeroboam ein dugande kar, og då Salomo såg at denne ungguten gjorde godt arbeid, sette han han til å ha tilsyn med alt pliktarbeidet som Josefs-ætta laut gjera.

29. Så hende det ein gong på den tid at Jeroboam gjekk ut or Jerusalem. På vegen møtte han profeten Akia frå Sjilo, og han var kledd i ei ny kappe. Dei to var åleine ute på marka.

30. Då tok Akia den nye kappa han hadde på seg, reiv henne i tolv stykke

Les hele kapitlet 1. Kongebok 11