Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 11:13-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ei ætt vil eg gje han for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»

14. Herren laga det så at Salomo fekk ein motstandar. Det var Hadad, ein mann av kongsætta i Edom.

15. Då David slo Edom, drog hærføraren Joab av stad og skulle gravleggja dei som var falne i striden, og han slo i hel alle menner i Edom.

16. I seks månader heldt Joab seg der med heile Israels-hæren, til han hadde rudt ut alle menner i Edom.

17. Då rømde Hadad saman med nokre edomittar, nokre av mennene til far hans, og tok vegen til Egypt. Hadad var berre småguten den gongen.

18. Dei tok ut frå Midjan og kom til Paran. Der fekk dei med seg nokre menn og kom så til Egypt, til farao, kongen i landet. Han gav Hadad eit hus, sytte for mat til han og lét han få jord.

19. Farao fekk stor godvilje for Hadad og gav han syster åt kona si, åt dronning Takpenes, til kone.

20. Med henne fekk Hadad ein son, Genubat. Takpenes fostra han opp i huset åt farao, og sidan vart han verande der mellom sønene til farao.

21. Medan Hadad var i Egypt, fekk han vita at David hadde gått til kvile hjå fedrane sine, og at Joab, hærføraren, var død. Då sa han til farao: «Lat meg få fara heim til mitt eige land!»

22. Farao spurde: «Kva er det du saknar her hjå meg sidan du vil fara heim til landet ditt?» Han svara: «Ingen ting, men lat meg få fara likevel!»

23. Gud lét endå ein motstandar reisa seg mot Salomo. Det var Reson, son til Eljada. Han hadde rømt frå herren sin, Hadadeser, kongen i Soba.

24. Reson samla folk om seg og vart hovding for ein røvarflokk. Dei drog til Damaskus, slo seg ned der og gjorde seg til herrar i byen.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 11