Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 11:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Kong Salomo hugla mange framande kvinner forutan dotter til farao – kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet.

2. Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei visseleg til å venda hjarta dykkar til gudane sine.» Desse kvinnene heldt Salomo seg til, og han elska dei.

3. Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre fylgjekoner, og dei førte hugen hans på avveg.

4. Det var då Salomo vart gamal at konene hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar. Hjarta hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore.

5. Salomo heldt seg til Astarte, gudinna åt sidonarane, og til Milkom, styggedomen åt ammonittane.

6. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og fylgde ikkje trufast Herren, som David, far hans, hadde gjort.

7. På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamosj, styggedomen åt moabittane, på den høgda som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt ammonittane.

8. Det same gjorde han for alle dei utanlandske konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine.

9. Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger

10. og sagt klårt ifrå at han ikkje skulle fylgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod.

11. Og Herren sa til han: «Sidan du har bore deg såleis åt og ikkje har halde den pakta eg gjorde med deg, og dei lovene eg gav deg, vil eg riva riket frå deg og gje det til ein av mennene dine.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 11