Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 1:38-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

38. Så gjekk dei ned, presten Sadok, profeten Natan, Benaja Jojadason og livvakta. Dei lét Salomo ri på muldyret åt kong David og førte han ned til Gihon-kjelda.

39. Presten Sadok hadde teke med seg oljehornet frå Herrens telt, og no salva han Salomo. Dei bles i horn, og alt folket ropa: «Leve kong Salomo!»

40. Så fylgde heile hopen han opp att. Dei spela på fløyte og jubla høgt. Det var så jorda reint ville rivna av lyden.

41. Dette høyrde Adonja og alle gjestene hans. Dei var nett ferdige med måltidet, då Joab høyrde lyden av horn og sa: «Kvifor er det slikt ståk i byen?»

42. Ikkje før hadde han sagt det, så kom Jonatan, son til presten Abjatar. «Kom hit!» sa Adonja. «Du er ein påliteleg mann og kjem visst med godt nytt.»

43. «Nei,» svara Jonatan. «Kong David, herren vår, har gjort Salomo til konge.

44. Han sende presten Sadok, profeten Natan, Benaja Jojadason og livvakta med han, og dei lét Salomo ri på muldyret åt kongen.

45. Og presten Sadok og profeten Natan salva han til konge attmed Gihon-kjelda. Så fór dei opp att med glederop, og no er det oppstyr i byen. Det er ståket de høyrer.

46. Salomo har alt sett seg på kongsstolen,

Les hele kapitlet 1. Kongebok 1